mobirise.com

Bautastein til minne om dei oddingar som for 
hundrar år sidan stridde for heim og fedreland


Bautastein i sørvestre hjørna ved Odda kyrkje. Bautaen er om lag 4 meter høg i tukta stein. Han er omgitt av skiferheller innanfor innhegning med fire hjørnesteinar saman knytt med kjetting. Inskripsjon hogd inn i steinen lyder ”17. mai 1914. Bygdi reiste steinen til minne om dei oddingar som for hundrar år sidan stridde for heim og fedraland”. Ovanfor inskripsjonen er den norske løva hogge inn i steinen. Denne er av ljosgrå granitt. Privat innsamling blant innbyggjarane finansierte bautaen. Kvar 17. mai legg ungdomslaget i Odda ned krans ved bautasteinen og det vert halde tale. Odda songlag syng (del av det off. programmet for dagen).

Kunstnar ukjend.


Ovanfor inskripsjonen er den norske løva hogge inn i steinen. Denne er av ljosgrå granitt. Privat innsamling blant innbyggjarane finansierte bautaen. Kvar 17. mai legg ungdomslaget i Odda ned krans ved bautasteinen og det vert halde tale. Odda songlag syng (del av det off. programmet for dagen).Ovanfor inskripsjonen er den norske løva hogge inn i steinen. Denne er av ljosgrå granitt. Privat innsamling blant innbyggjarane finansierte bautaen. Kvar 17. mai legg ungdomslaget i Odda ned krans ved bautasteinen og det vert halde tale. Odda songlag syng (del av det off. programmet for dagen).