https://mobirise.com/

Bautastein til minne om falne/forliste tyssedøler 2. Verdskrig

Bautastein til minne om falne / forliste tyssedøler under 2. verdskrig. Den er plassert nord for Tyssedal barneskule. Inskripsjon på bronseplata på steinen: ”Falt for fedralandet” med blomstergrein over, og så namnet til dei falne. Bautaen blei reist i 1948, og avduka på 17.mai same år. Den vart kosta ved privat innsamling, samt støtte frå A/S Tyssefaldene, Det Norske Nitridaktieselskap og Odda kommune. Ingeniør Holm laga utkast til minnesteinen, og steinblokka vart utkila i steinbrotet oppe i dalen og er i ekte Tyssedal-granitt. Som råmateriale var den 60x80 cm i firkant og

6 meter høg. Brannsjef Øyvind Svendsen tok på seg finhogginga. Namneplata er støypt i Christania Kunst og Metalstøperi, Oslo. Det vert lagt ned krans kvar 1. og 17. mai. 


"Bautasteinen over falne frå Tyssedal vart avduka 17. mai 1948. Avdukingi av minnesteinen for dei falne frå Tyssedal vart haldi 17. mai i middagsstundi og vart ei høgtidsstund som seint blir gløymd i Tyssedal. Naturi stod klædd i sitt aller fagraste vår skrud og alle som kunde krypa og gå var samla for å heidra sambygdingane sine. Tyssedal Musikkforening opna med «Norge, mitt Norge»."

Les meir frå Muesumslaget for NVIM her 

Klikk her ved å se bilde ved avdukinga av minnesmerket.