mobirise.com

Byste av forfatterinna Gro Holm

Bysta av Gro Holm laga av dotter Herborg Holm Kiberg, bilethoggar og målar. Utført i kvit granitt, ståande i ein vel meter høg slipt granittsokkel. Bysta var ei gåve frå familien Holm i 152, og var først plassert i Hestavollparken, klikk her for å sjå bilde med Gunnar Kiberg. Foto Trygve Kiberg..


Seinare vart den flytt til Odda Bibliotek, for deretter bli reist på nytt støypt i bronse på ein om lag 1 meter sokkel i kvit granitt ved Ungdomshallen. Dette var ei gåve frå Odda Sparebank til Odda kommune sitt 75 års jubileum i 1988.

Innhogga på sokkelen: GRO Holm. under sokkelen fundament av Seljestadstein.

Gro Holm, Forfattar.

"Foreldre: Bonde Ivar Håvardsson Prestegår (1835-1906) og Herborg Olsdotter Berjaflot (187-1940). Gift 1908 med ingeniør og biletkunstnar Olav Paulson Holm (8.6.1884-22.1.1971). son til direktør Ove Immanuel Holm (1851-1907) og Petrine Hagerup Paulson (1855-1898).

Gro Holm var nær knytt til bygdekulturen i Hardanger. Med hovudverket Løstølsfolket står ho som den store talskvinna for bondekonene i vår litteratur. Men Gro Holm var også ingeniørfrue, og i andre bøker skildrar ho med sakkunnskap den harde omformingsprosessen frå bondebygd til fabrikkstad."
Les mer fra Norsk Biografisk Leksikon her.
Bøkene om "Løstølsfolket", "Kår", "Odelsjord" og "Sut", fortel om landbruket på 1800-talet og opp mot overgangen til industri og moderne tider rundt 1900. Bøkene fortel levande om dagleglivet, om høgtider og tradisjonar i indre Hardanger. Forfattaren er opptatt av økonomi og teknikk i landbruket, men òg menneskeleg kapital og spesielt kvinner si stilling. Gro sa sjølv: "Det gjelder kvinnen overhodet. Hennes innsats og mannens undervurdering av henne. Det er bondemiljøet jeg har skildret, men alle de ord som mannen har til forringelse av kvinnen, de hentet jeg ikke bare fra bonden, nei i utstyrtelige mengder frå overklassemannen. Jeg har samlet på dem fra min pureste ungdom. (Brita Jordal)" 
Les meir fra NVIM sine sider her.