mobirise.com

Kanon Tveit/ Fodnastø

Kanona på Tveit/ Fodnastøl vart plassert etter krigen ved Reinsnosvegen. Vart gøymd av bygdefolket i Skarekrinsen under krigen. Den 9. april 1990 var det montert ei minneplate på kanona med slik tekst: ”MINNE FRÅ KRIGEN 1940-1945”. Initiativ: Skare Ungdomslag ved Johannes Borge. Høgtideleg avdukingsseremoni og minnefest 9. april 1990. Odda kommune gav tilskot til arrangementet og dekka kostnadane ved minneplata. Eigedomsretten er ikkje avklart. Vedlikehald og tilsyn har vore sett på som ei sak for folket i Skarekrinsen. (Skare Ungdomslag).