Mobirise

Lars Korff Lofthus

Lars Korff Lofthus (f. 1978) er ein norsk biletkunstnar. Han er oppvaksen på Lofthus i Hardanger, der han også bur.

Lars Korff Lofthus studerte kunsthistorie ved Universitetet i Bergen før han reiste til Karleby i Finland for å studera ved Nordiska konstskolan. Deretter heldt han fram utdanninga si ved Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling Akademiet, med eit års utveksling til Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. I tillegg har han budd og arbeidd i Berlin i fleire periodar.