mobirise.com

Liten kvinnefigur i bronse på sokkel med slepen dekor

Under kartlegginga av utandørs offentleg kunst og minnesmerke i Odda kommune, støtte vi på større og mindre mysterium i å finna ut meir om enten kunstverk eller kunstnar. Det største mysteriet av dei alle var dama i fontena utanfor Odda Rådhus.

Ingen i lokalmiljøet, verken lokalvitarar, tidlegare tilsette på Rådhuset eller institusjonar visste noko med sikkerheit kor tid statuen og fontena kom opp, kva som var bakgrunnen for denne, kvifor den er plassert der den er, eller kven som var kunstnaren bak den. Og vi snakka med mange. Svært mange. Kommunesekretær Harald Jordal, som i si tid som kultursjef i kommunen utarbeidde ei liste over offentlige minnesmerke i Odda (lista som har vore utgangspunkt for denne nettstaden) meinte at han i seinare tid hadde høyrt at den renommerte bilethoggaren Ørnulf Bast kunne væra opphavet til dama i fontena.

Vi spurte igjen ulike lokale ressursar om nokon hadde høyrt at Bast kunne væra opphavet til statuen, men med lite hell. Nokon meinte at han var ein altfor renommert kunstnar med sine hovudverk i Oslo-regionen til at det faktisk kunne stemma at han var opphavet til den vesle dama i Odda.

Les meir om denne spanande historia her.