mobirise.com

Smeltaren

SMELTAREN. Omfattande skulptur i bronse som syner tapping av ein smelteovn i form av ein gjennomskoren ovnsmantel med tappad føre og to mann i arbeid. Inne i omnen eit relieff med eit gatebilete frå etableringsfasen av Oddasamfunnet og fylgjande tekst: ”Brytningstid gav vokstar.” Sokkel utført i betong med forblending av Seljestadstein og belagt med skiferheller. Utførande kunstnar Oddmund Raudberget. Avduka oktober 1989. reist etter initiativ av Odda kommune v/ ordf. Leiv Stensland og finansiert av fylgjande: Odda Smelteverk, Norzink, DNN Aluminium/ KSI Illemenittsmelteverket, Odda fagl. Samorg. DNC Bank, Odda og Bergen Bank Odda, Odda Handelsstandforening og Odda kommune. Norsk kulturråd gav tilskot. Plassering: Mellom Odda Rådhus og hovedinngang til Odda Smelteverk. Kommunal eigedom. Leiar for utsmykkingsnemnda: Leiv Stensland.